Vindafjord kommune og Etne kommune i samarbeid med Grannar, har invitert innbyggjarar og lesarar til å vera med å stemma fram det mest attraktive friluftsområdet eller turmålet i distriktet. Bakgrunnen for den uhøgtidlege kåringa er eit utspel frå Klima og miljøminister Tine Sundgodt (H) i samband med at 2015 er Friluftslivet år, om slike avrøystingar i kvar kommune over heile landet
. Oppteljinga i den nettbaserte voteringa på grannar.no, viser knappe vinnarar både i Vindafjord og Etne kommune, og at svært mange forslag har blitt trekt fram som favorittar. Totalt 31 område har fått røyster i dei to kommunane.
Øyperle og halvøy I Vindafjord var det kanskje naturleg å tru at Olalia, den «nye» turmagneten sommarstid, ville stikka av med sigeren. Det skjedde ikkje. Det var Rosaøyane, den idylldiske øyperla mellom Bjoa og Børkjenes, og båtfolket sitt paradis i det sørlege Sunnhordlandsbassenget som fekk flest røyster. Olalia kom tett etter, medan det ikkje var nokon klar tredjefavoritt. 16 område/turmål i Vindafjord blei føreslått. I Etne kommune stod slaget mellom Osnes (Olav Vik-området) ogPeparen like ved Skånevik sentrum. Også her var det siger med liten margin, medan Hamnaklubben, også det ved Skånevik, fylgde på ein klar tredjeplass
Osneshalvøya på sørsida av Etnefjorden, er lett tilgjengeleg og blir brukt av både store og små til arrangement, rekreasjon og friluftsliv. I Etne kommune kom det røyster på 15 ulike område/turmål. Mange forslag Det var ordførarane Ole Johan Vierdal og Sigve Sørheim som opna avrøystinga gjennom lokalavisa for tre veker sidan, og hovudmålet har vore å få fokus på at det viktig å koma seg ut i naturen, samt få fram kor mange flotte og populære friluftsområde det er i dei to kommunane. At avstemminga var utan førehandsnominerte kandidatar, førte til at røystrene spreidde seg over mange område, som viser at det er flust med turmål å velja for den som vil ha frisk luft og mosjon, kombinert med ei flott naturoppleving.
Blant alle som har deltatt i avstemminga vil det bli trekt ut éin vinnar i kvar av dei to kommunane, som vil få ein premie som inneber ei overrasking ute i naturen. Her fylgjer ein uprioritert oversikt over alle område som har fått røyster:
Vi blogges
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar