mandag 13. juli 2015

Fleire omkom

Dyster statistikk for første halvår.

 

14 menneske omkom i fritidsbåtulykker i første halvår 2015. Det er ein auke på tre i forhold til same periode i fjor, viser statistikk frå Sjøfartsdirektoratet.

Med unntak av ein oppgang i 2013, har talet omkomne i fritidsbåtulykker gått ned frå 36 i 2010 til 28 i 2014. Nå viser tal for første halvår i år ein oppgang.

— Det er alltid grunn til bekymring når ulykkestala stig, men me håper dette ikkje påverkar den positive utviklinga me har hatt på årsbasis dei seinare åra, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

Han viser til at påbodet om å bruka flytevest i fart for alle om bord på båtar under åtte meter, blei innført av Stortinget 1. mai i år, og håper at dette vil bidra til redusert risiko for dødsfall i sommar.

Vaer forsiktig

Vi blogges

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...