tirsdag 6. januar 2015

Krysspeiling og overrett linjer

Krysspeiling

Ved krysspeiling peilar navigatøren vinkelen til to eller fleire faste referansepunkt og teiknar dei respektive stadlinjene på sjøkartet. Om peilingane er rett utførte, og det er tatt omsyn til misvising og deviasjon, så vil observatøren vere i skjeringspunktet for stadlinjene.

Om skjeringspunktet skal bli pålitande, bør vinkelen mellom stadlinjene vere relativt stor, helst 45-120°. Ein får stadfesta to målingar ved å peile mot ein tredje posisjon. Om ein av dei første peilingane var feil vil ikkje ei korrekt stadlinje gjennom den tredje posisjonen treffe skjeringspunktet for dei to første, men om dei to første var korrekte vil det den tredje peilinga stadfeste dette. Om ein eller fleire av tre peilingane er unøyaktige vil stadlinjene danne ein trekant. Jo større trekant, jo mindre sikre er peilingane. Er det ikkje mogleg å gjere om peilingane, kan ein approksimere posisjonen til senteret av trekanten.

Overeittlinjer, méd[

 Sjövägmärke, Enslinje.svgimage 

Overeittlys og overeittmerke er sjømerke med eller utan lys som er plassert parvis med ei viss avstand slik at dei dannar overeittlinjer til nytte i navigasjon. Om navigatøren observerer to merke overeittveit han at han ligg ein plass på denne overeittlinja. Når eit merke er plassert i noko større høgd enn det andre hjelper det til å observere overrett. Dei to figurane til høgre illustrerer overeitt med hjelp av to merke, eit over det andre. Langs norskekysten finn ein somme stadar overeittlys (overeittfyr) i ulik høgde på land for å hjelpe til innsegling gjennom tronge innlaup til hamner.

Eksempel på ei naturleg overeittlinje eller médlinje er eit fyr på linje med ein karakteristisk holme, eller når ein odde ligg på linje mot eit sikkert referansepunkt lengre bak. To kryssande overeittlinjer dannar eit méd som er ein sikkert posisjon.

Overeittlinjer er nyttige som stadlinjer i navigasjon fordi navigatøren ikkje treng å peile retninga med kompass. Navigasjon etter overeittlinjer vil ha som føresetnad at det er den rette linja som vert observert, det vil seie at navigatøren må vite omtrentleg posisjon før han tar ut linja, til dømes ved at han er kjent i området han navigerer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...