tirsdag 16. desember 2014

Båthavna

Er ei kombinert båt-og gjestehamn. Vi har tre flytebrygger(A,B,C) for medlem, her er kun private båser. Så er det ei flytebrygge (D) kor den innerste delen er private båser, og den ytterste er gjestebrygge. Den siste flytebrygga (E) er rein gjestebrygge.
I tillegg har vi gjesteplasser langs faste kaiar. Slippkaien, Strandkaien, Furholmen og Risnes.
Servicebygget vårt inneheld to dusjar, eit ordinært toalett og eit toalett tilrettelagt for bevegelseshemma. Samt vaskerom med to vaskemaskiner og to tørketromler. I tillegg til toalett og dusjar i klubbhuset.
Vi har personheis på kaien, om nokon av våre medlem eller gjester skal behøve hjelp til å koma seg ombord eller på land. Det er laga feste til denne to stadar i havna, slik at den kan flyttast.
Lunt og fint område med grillplass er tilrettelagt, her finnes også eit lite leikeområde. I samt to grillhytter, ei i nordenden av hamna (Furholmen) og ei i sørenden (Risnes)
Det er Wi-Fi i baathavna. Danseplatting er bygd opp og står til disposisjon for dei som vil ta seg en svingom i sommernatta.
Det finnes òg tennis-, volleyball-, og fotballbane, og vi har laga til sjakk i storformat, for dei som liker å ta eit slag
.
image
Vi blogges

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...